Korn som var sådd og potet som var sett før regnet kom i Surnadal og Rauma kan trenge tilleggsgjødsling med 3 - 4 kg nitrogen. I desse områda har det kome så mykje regn i periodar at vi har fått utvasking av nitrogen. Derfor bør alle som har gjødsla med 10 - 12 kg nitrogen i utgangspunktet så snart som muleg tilleggsgjødsle. Dykk som har gjødsla sterkare har allerede tilført noko ekstra nitrogen. I slike tilfelle blir behovet for tilleggsgjødsling redusert etter kor mykje meir enn 12 kg nitrogen du tilførte.
Normalt tilrår vi 20 - 30 kg kalksalpeter for å erstatte det tapte nitrogenet. No er det vanskeleg å få tak i kalksalpeter. Du kan bruke 11 - 17 kg OPTI-KAS 27-0-0, 25-2-6 eller 22-2-12 i staden for kalksalpeter.
Bioforsk har ein nitrogenkalkulator på heimesida si. Sjå:
http://lmt.bioforsk.no/agrometbase/ncalc/
Her kan du rekne ut nitrogenstatus avhengig av nedbør og såtidspunkt for klimastasjonane Surnadal, Tingvoll og Linge. Dessverre har vi berre desse 3 målepunkta i fylket. Derfor bør du måle nedbøren sjølv og samanlikne med den staden som liknar mest. Eller du kan ringe forsøksringen.
Sjå linken nedanfor for nitrogenstatus i Surnadal.
Den blå linja viser utvaskinga.